Torkel Johannes Bjuland

Alder: 17
  RSS

Om Torkel Johannes

Fylkesleiar Rogaland KrFU

Følgere

Ingen skal stengast utanfor offentlege klasserom på grunn av si tru eller overbevisning

Klasserommet skal vere ein inkluderande plass, og då må det gjelde begge veier, både for lærarar og elevar. Dette oppnås ikkje med å utestenge lærarar frå private høgskuler på grunn av skulen sitt verdidokument.

Tidleg i år sa nokre skular i Oslo at dei ville nekta å ta i mot lærarar i praksis frå den private høgskulen NLA. Leiar i fagforeininga, pedagogstudentane, skreiv 10. Mars i Vårt land at det var NLA som heldt lærarane utanfor klasseromma, berre ved å ha dette dokumentet. Dette er eit feil bilete av situasjonen, ettersom det var praksisskulane i Oslo som «behandla nokon annleis på grunn av si tru», også kalla diskriminering. Praksisskulane i Oslo ville unngå ein hypotetisk ekskludering av elevar som ikkje var einige med NLA, og løyste det ved å ekskludere bestemte lærarar frå sine klasserom, det er i beste fall hyklersk og i verste fall totalitært.

Leiar i fagforeininga, pedagogstudentane seier at «NLA setter alle som ikkje ønsker seg eitt heterofilt ekteskap på gangen», dette stemmer ikkje. Artikkelforfattaren lager ein fiktiv og falsk bilete av lærarar frå NLA. Ingen elevar skal oppleve å bli ekskludert det meina også NLA sitt verdidokument. Det som skjer i dag derimot er ar lærarar blir heldt ute av klasserom i Oslo-skulen på grunn mangel på respekt for NLA sitt verdidokument. Det er alvorleg ettersom verdidokumentet er heilt legitimt og ein del av skulen sin eigenart. Om det er det offentlege som skal styre og innrette det private, er ikkje det private reelle alternativ til det offentlege lenger.

Private skular gir mangfald og er eit alternativ til det offentlege. Private skular skal vere annleis enn den offentlege skulen, og kunne operere etter sitt verdidokument. Det blir tatt bort i praksis, viss private institusjonar kneblast, styres og innrettast av det offentlege. Det er lov å vere ueinige i eitt verdidokument, men Oslo-skulane som offentlege institusjonar har ikkje lov å diskriminere meiningsmotstandarar på denne måten.

Som også artikkelforfattaren påpeikar, så har ingen lærarar rett til praksis plass, likevel unnskyldar ikkje det Oslo-skulane sin oppførsel. Å sette i gang ein bevisst utestenging for å ramme meiningsmotstandarar, i dette tilfelle kompetente lærere på ein legitim norsk institusjon, er diskriminerande og svært ugreitt.

 Det er ingen som skal stå utanfor klasserommet for å ha eit anna syn, det må gjelde både lærar og elev. At ein privat institusjon har eit verdidokument er ikkje problemet. Det at offentlege skular utøver sin makt for å prøve å innrette det private, og utestenge praksis-lærarar frå NLA, det er eit stort samfunnsproblem.


Skrevet av: 

Torkel Johannes Bjuland (17)

Fylkesleiar Rogaland KrFU

Gå til innlegget

Kristendemokratiet strekker lenger

Publisert 4 måneder siden

Onsdag 9. desember kom Rød ungdom med eit innlegg i Vårt land med påstandar om at deira form for sosialisme er meir i tråd med Bibelen sin nedkjemping av fattigdom samanlikna med verdigrunnlaget til KrF. Dette er historielause og feilaktige påstandar, og vitnar om mangel på forståing for den kristendemokratiske ideologi. Ein grunnleggjande tanke i Kristendemokratiet er nemleg å alltid stå på den svake sin side, KrF sin historie underbygg dette.

Kristendemokrati er ein ideologi som seier at alle har ein uendeleg verdi, og der nestekjærleiken ikkje kjennar noko grensar. Samtidig som vi skal forvalte jorda vår med respekt og etter beste evne.

Frivilligheita

Kristendemokratisk ideologi legger til rette for at verdiar må skapast, tilretteleggjast for, og kan bidra inn i samfunnet. Dette handlar om å gje privat næring det handlingsrommet dei treng sånn at dei kan skape verdiar som det offentlege kan fordele. Ein aktiv næringspolitikk er bærekraftig og samtidig god distriktspolitikk. I tillegg til dette har Kristendemokratiet eit fokus på at det finnes nokon verdiar som ikkje kan omsetjast i pengar. Eksempel på dette er frivilligheita. Frivilligheita har gitt samfunnet mange tenester og verdiar som ikkje kan målast i pengar, og som har tatt på seg store oppgåver til fordel for dei svakaste i samfunnet. Trussamfunn gir også fleire viktige tenester som samfunnet nyt godt av som for eksempel støttegruppe til rusavhengige, ungdomsklubbar, fritidstilbod, skular og mykje meir. Dette er tilbod som ofte blir oversett og ignorert på venstresida i norsk politikk. Ein kan kalla det ideologiske skylappar i praksis.

Nestekjærleiken forpliktar i kampen mot fattigdom

Fattigdom er fortsatt ikkje historie, verda er urettferdig og det er stadig større skilje mellom fattig og rik både i Norge og på verdsbasis. Det fyrste har me gjort noko med for å få ned forskjellane i Noreg. KrF saman med resten av regjeringa fekk til historiske aukingar i barnetrygda, dette gir meir pengar til familiane og eit godt tiltak for å få ned barnefattigdommen.

Eit anna tiltak for å betre den økonomiske situasjonen for familiar i Noreg. Var innføringa av fritidskortet. Dette er et kort som sikrar alle barn mellom 6-18 år moglegheit til å delta på en valfri aktivitet på statens rekning. Masse tydar på at familiar med dårleg råd ikkje prioriterer fritidsaktivitetar for barna sine. Resultatet er at nokon barn blir fråtekne moglegheita til å delta på fritidsaktivitetar på lik linje med andre barn. Dette er direkte usolidarisk, derfor kjempa KrF denne saka gjennom og fekk gjennomslag.

Nestekjærleiken som  KrF byggjar på stoppar likevel ikkje ved svenskegrensa, den forpliktar også lenger. Derfor fekk KrF igjen gjennomslag for at 1% av BNPskal gå til bistand, og sikra 3000 kvoteflyktningar eit trygt sted å bu her i Noreg.

Når menneskeverdet blir tilsidesett

Visst alle menneske har ein uendeleg verdi så forpliktar det oss til å gripe inn når menneskeverdet blir tilsidesett. Eksempel på dette er i bioteknologi debatten.

Dessverre er jakta på det perfekte ikkje over og i kampen mot eit sorteringssamfunn står KrF stadig meir aleine. Dette ser me i den nylege liberaliseringa av bioteknologilova, der venstresida saman med Frp stod i front for innføre blant anna NIPT-testing og tidleg ultralyd for alle, dette er ei screening som ikkje gir særleg nyttig informasjon anna en å finne «feil» med fosteret. Medisinsk fødselsregister i Noreg visar at 9 av 10 barn som ein oppdagar har «Downs-syndrom» blir sortert vekk. Dette blir ekstra problematisk sett i lys av testane ofte er feilaktige. I denne saka kjem igjen Rød Ungdom på feil side. I bioteknologidebatten er ikkje Rød ungdom ein stemme for dei stemmelause.

KrF vil vera ein stemme for dei stemmelause, og som alltid vil stå opp for dei som trengar det aller mest. Dette skjer i kampen for menneskeverdet, ein nestekjærleik så forpliktar på alle nivå og forvalte verdiar i samfunnet på ein best mogleg måte, det er akkurat det kristendemokratiet handlar om.

Skrevet av:

Torkel Johannes Bjuland (17)  

 Fylkesleiar Rogaland KrFU

Gå til innlegget

Den siste veka har humanistisk-ungdom hatt ein kampanje mot å ha skulegudsteneste, med blant anna å legge ut fleire provoserande bilete på sosiale media. Bilete som inneheld banning og generell liten respekt for andre sitt livssyn. Det er trist å sjå verkemidlane som er brukt, men også at dei ikkje verdsetje viktigheita av skulegudsteneste, noko som ikkje berre er trist men historielaust. Vår generasjon må også bli kjent med vår eigen kulturarv og verdiane vårt land er bygd på.

Ein ekte skivebom i innlegga til humanistisk-ungdom er å sjå på skulegudsteneste som noko ekskluderande, når det eigentleg er ein måte å inkluderast inn i den kristne kulturarven landet vårt er bygd på. Det var kristne verdiar som har vore byggjesteinar for vårt samfunn. Den dagen me mister byggjesteinane, arven og verdiane vårt samfunn er bygd på, då vil me miste meir enn ein skulegudsteneste.

Me vil blant anna miste vår forankring. Det blir litt som eit skip som kutter av ankeret, taua til den trygga hamna og flyt ut på det urolege farlege havet. Kven veit kva som vil erstatte dei kristne verdiane? Desse verdiane som stadfestar at alle menneskjer har ein uendeleg verdi, verdiar som seier du skal elske alle menneskjer like høgt som deg sjølv, og til å forvalte kloden vår og alt me fått her i verda. Å kutte vekk Noregs grunnverdiar vil føre til at me druknar i den globaliserte verda sine idesett og at me flyt vekk utan ein forankring å støtte oss på. Det kan denne generasjonen helde seg for gode for.

Nokre brukar argumentet med at ein ikkje vil særstilla kristendommen og at ein skulegudsteneste vil gjere det urettferdig overfor dei med ein anna religion. Dette er likevel eit altfor vagt argument når det er heilt tydeleg at det går an å få alternativt opplegg viss det ynskjast. Samtidig som det er sant at kristendommen har ein særstilling i Noreg, og det skal den ha, noko anna er historielaust ovanfor landet vårt. Noreg er ikkje berre bygd opp på dei kristne verdiane, men dei er med og held oppe landet som bærebjelkar i samfunnet.

Det er ingen som har hatt vondt av å vere på ein skulegudsteneste. Frå eit sekulært perspektiv kan det heller vere fint å få innblikk i kristendommen, vår norske kulturarv, samtidig som å få dele noko felles med resten av Noreg.

Humanistisk-ungdom, dette gjelder også vår generasjon, sjølv om der verkar som «berre ein skulegudsteneste» så er det eitt viktig samlingspunkt der me alle tar del i arven som har bygd landet vårt. Vår generasjon må framleis verne om skulegudsteneste, verne om dei kristne verdiane og verne om vår felles kulturarv.


Torkel Johannes Bjuland 

Fylkesleiar Rogaland KrFU

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere