Verdidebatt

Nynazisme og demokrati

Om ingenting blir gjort kan nynazistisk deltaking på politiske arrangement truge delar av demokratiet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den nordiske motstandsrørsla (NMR), organisasjonen som er kjent for å rope «knus homolobbyen», fekk lov av politiet til å demonstrere utanfor lokala til Riksförbundets homosexuellas, bisexuellas, transpersoners och queeras rättigheter (RFSL) i Visby på Gotland. RFSL klaga på vedtaket, men fekk ikkje medhald og enda opp med å ikkje delta under den svenske versjonen av Arendalsveka, Almedalsveckan, i år.

Øydelegg idyllen. Dei som har vore i Visby veit at det er ein idyll, ein idyll som kvart år ramar inn den største politiske hendinga i Sverige. Nynazistane i NMR derimot kasta ein skugge over det heile ved å avbryte dei som talte på ulike arrangement, ta bilete av personar dei meiner er landsforrædarar og gå til åtak på meiningsmotstandarar.

Dei grøne flaga til nynazistane og kaoset dei laga i løpet av veka sette preg på Visby-landskapet, men i eit lengre perspektiv er det det politiske landskapet og demokratiet som tapar på at ekstreme rørsler får delta og skape uro på arrangement som Almedalsveckan.

Under talen til den svenske statsministeren, Stefan Löfven, veia nynazistiske flag, og då leiaren av Centerpartiet, Annie Lööf tala, vart ho raskt avbroten av buing frå nynazistar som hadde møtt fram. Begge politikarane svara med å adressere hatet som blir spreidd av NMR og ta eit oppgjer med nazisme og rasisme. Å ignorere dei var ikkje noko alternativ, for ingen vil akseptere ein ny normaltilstand kor nynazistar får stå uimotsagt og bli ein sjølvsagt del av politiske arrangement.

Ytringsfridom. Høgreekstremisme er av natur udemokratisk. Då nynazistar frå NMR fekk marsjere gjennom Markens gata i Kristiansand i fjor sommar var grunngjevinga til politiet at gruppa hadde ytringsfridom og at ein òg må sleppe til ytringar ein ikkje liker. Det vakta med rette sterke reaksjonar, for skal organisasjonar med medlemmar dømt for valdsutøving og som fornektar Holocaust få fritt leide?

NMR skil seg frå høgrepopulistar fordi dei er villige til å bruke vald og udemokratiske middel for å oppnå måla sine. Medan høgrepopulistar kjempar for å endre det demokratiske systemet og snakkar på vegne av det dei ser på som ein taus og urepresentert majoritet, er høgreekstremistar totalitære og vil forkaste tanken om demokrati, Det er difor Jimmy Åksesson stod på scenen under Almedalsveckan og Den nordiske mostandsrørsla stod utanfor scenen.

Sjølv om det finst høgreekstreme parti som stiller til val, som til dømes Jobbik i Ungarn og Gyllent Daggry i Hellas, går det likevel ei hårfin grense mellom det populistiske og det ekstreme. Det eine kan vekke sinne, det andre vekker redsle. Det eine kan me diskutere og utfordre. Det andre må me bekjempe.

Den udemokratiske sida av høgreekstremismen er nettopp det som gjer at me sperrar opp auga når dei får lov til å delta på Almedalsveckan eller marsjere i gatene våre, fordi ein organisasjon som utøvar vald mot meiningsmotstandarar og så tydeleg proklamerer hat mot enkeltgrupper i samfunnet er meir ein trugsel mot ytringsfridomen enn ein forkjempar for han.

At RFSL, organisasjonen som jobbar for LHBT-rettar i Sverige er så redde for eigen tryggleik at dei ikkje kan delta på den største politiske verkstaden i landet er eit tydeleg døme på korleis nynazistar kneblar delar av befolkninga. Det er ikkje lenge sidan nordmenn veiva med regnbogeflag i både Volda, Bergen og Oslo og brukte ytringsfridomen sin til å feire kjærleik og mangfald. Berre litt over ei veke seinare måtte den svenske systerorganisasjonen til FRI melde pass.

Forbod. I Norge har Den nordiske motstandsrørsla fått avslag på søknaden om å vere tilstades under Arendalsveka. Likevel lovar dei å møte opp, godkjenning eller ikkje. Spørsmålet er kor lenge Norge og Sverige kan halde fram med å føre ein halvhjarta kamp mot nynazistane og indirekte godkjenne nærvær på politiske arrangement. I Finland er NMR ikkje lengre ein lovleg organisasjon etter at eit medlem drap ein 28 år gammal mann i Helsingfors i 2016.

Eit liknande forbod i Norge og Sverige vil i praksis vere ei kraftig innstraming av ytringsfridomen til ei udemokratisk og ekstrem gruppe menneske, men det vil vere ein siger for demokratiske organisasjonar som no blir knebla av redsla for nynazistane.

Denne kommentaren vart publisert i Vårt Lands papiravis tysdag 17. juli

Foto: Aftonbladet/IBL Bildbyrå

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt